
Gro Haveleand Fortunen Arkitekter
I november hadde eg ei veke i Bergen. Eg fekk vere fluge på veggen på arkitektkontoret Fortunen. Det eg i hovudsak fekk innblikk i der var arkitekten sin kvardag. Var med på ulike byggjemøte, var på synfaring på ein byggjeplass, var med på presentasjonar av større konkurranseutkast. Blant anna hadde dei delteke i en konkurranse om å utvikle ein ny bydel i København for 45 000 menneske. Det som var spennande med ideutkastet deira, var korleis dei hadde tenkt økosystem for heile bydelen. I forhold til vatn, kloakk og energi skulle den vere sjølvforsynt. Arkitektane på Fortunen var så langt det let seg gjere svært miljøbevisste. I forhold til av energiforbruk og val av materiale låg det alltid ein miljøprofil i botnen.
Konkurranseutkast til bydel i København
Eg fekk også presentert nokre skular dei er ansvarlege for og som har fått heiderleg omtale i media. I desse bygningane ser ein korleis leik med former og fargar kan kombinerast med det funksjonelle.
Kjekke og interessante var samtalane og diskusjonane med nokre av arkitektane som var svært engasjert i Bergen by sin byutvikling. Diskusjonane kan kokast ned til om det skulle byggast nytt som var tilpassa den gamle arkitekturen eller om ein skulle bryte med det gamle og lage arkitektur i tråd med trendane i vår tid uavhengig av rundtomliggjande arkitektur. Vi diskuterte og idear som låg til grunn for innreiing av hus. Her fekk eg og høyre på kundar sine ynskjer i samtale med arkitekt. Ein artig observasjon var under eit møte med eit par som skulle lage eit tilbygg på eigedomen sin. Kvinna ville ha reine linjer og stram enkelskap. Mannen ville ha det lunt, litt romantisk og heimekoseleg og arkitekturstil i tråd med det eksisterande gamle.

Bergen har mange verneverdige hus. På eit møte eg overvar høyrde eg på korleis ein representant for riksantikvaren og ein arkitekt tilnærma seg kvarandre med utgangspunkt i ein kunde sine behov for å vidareutvikle og modernisere eigendomen. Det var mange reglar for bygningsvern å ta om syn til. Men det var også mange omvegar ein kunne ta.
Dataprogram som blei brukt på kontoret var Autocad. Ei temmeleg avansert program som eg reknar for alt for avansert og ikkje minst for dyrt til bruk i vidaregåande skule.
Arkitekturkontoret hadde kontakt med eit designfirma, som hadde spesialisert seg på mønster komponert i dataprogram. Eg fekk avtale møte med dei på verkstaden deira. Det var tre kvinner utdanna frå tekstillinja på kunst og handverksskulen i Bergen. Målet var at dei skulle kunne leve av dette, sjølv om det var ein lang og bratt veg å gå. No var dei optimistar fordi dei hadde fått kontrakt med eit firma i Sverige som skulle ta seg av trykking, sal og distribusjon.

Desember
I desember presenterte ein student frå arkitekthøgskulen i Trondheim diplomoppgåva si under ein politisk time i Førdehuset.
Han hadde valt seg den tomta i Førde han meinte ville vere best eigna til moske og teikna eit notidsbygg der han hadde teke utgangspunkt i at dette skulle vere eit bygg for notida, samstundes som det skulle ta vare på det spesifikke ved Islam. Han hadde og teke høgde for at Islam er ein framand religion i vårt distrikt. Og slik tenkt tilnærming gjennom plassering og utforming. Svært interessant, og synd at dette ikkje kan bli noko av.
Februar.
Er tilbake til arkitektur- og designsenteret ved Akerselva, DogA. No på kurs. Kurset er delt inn i tre delar.

I første del får vi innblikk i konstruksjonsprinsipp for moderne arkitektur utvikla av Le Corbusier. – Gardinfasade og utheva skulderprinsipp til bruk ved større bygningar. Samt betongen sin revolusjonerande mulegheiter i moderne arkitektur. Vi prøvde styrken i ulike konstruksjonar i praksis gjennom med bygging av modellar. Vi prøvde ut korleis det fysiske rommet verkar inn på oss som menneske ved å lage modellar vi fysisk var inne i. Dette fekk vi til ved å bruke enkle verkemiddel som stenger og tekstilar.
I andre del av kurset fekk vi innføring i bruk av 3d-programmet Sketchup. På grunn av manglande førebuing blant deltakarane og dataproblem vart denne delen noko amputert. Men såpass erfaring fekk eg, at eg ser at dette er svært godt anvendeleg for bruk i vidaregåande skule i faget arkitektur og design. Dessutan kan ein enkel versjon av programmet lastast ned gratis. Programmet er allereie lagt inn på elevmaskinane av dei dataansvarlege på skulen.
I tredje del heldt ein arkitekt frå GAIA Arkitekter i Oslo foredrag om berekraftig arkitektur.

Med berekraft meiner ein at den noverande generasjonen ikkje skal forbruke meir av jorda sine resursar enn at komande generasjonar er sikra. Denne grunntanken ligg i botnen for alle store byutviklingsprosjekt til små einebustadar. Teknologi og kunnskap finst for å spare miljøet, men myndigheitene er ikkje flinke nok til å stille krav. Til sjuande og sist kokar det ned til økonomi. Arkitekten presenterte nokre svært vellukka byutviklingsprosjekt frå Sverige og Tyskland. Dessutan eit svært interessant prosjekt under utarbeiding i Oslo der brukarane av bydelen er delaktige i utviklingsarbeidet. Eit spannande prosjekt som stiller store krav til tolmod og evne til dialog. Gjennom fordraget kjente eg igjen tankegangen frå besøket mitt hos Fortunen arkitektkontor i Bergen. Forskjellen var at desse var endå meir konsekvente. Fekk gjennom foredraget innblikk i kva miljøvenlege bygningsmateriale som finst, korleis få gode ventilasjonssystem gjennom naturleg lufting, gjenbruk av energi osv
Det var kjekt å høyre at det er så stor interesse og engasjement for miljøet vårt blant arkitektar.
Leave a Response »